Fryktar sal av 1881 30.12.2005, 01:04

Dei tillitsvalde i EL&IT Forbundet i Lærdal fryktar Telenor vil selje seg ut av Opplysningen AS.

Dei meiner staten ved næringsministaren er alt for defensiv med omsyn til kva som no er i ferd med å skje vedkomande eigarskapen i Opplysningen.

-Telenor eig i dag 51 prosent av aksjane i Opplysningen as, og signal tyder på at dei heilt klart vil selje seg ned eller heilt ut. Dette må me gjere alt me kan for å hindre, seier plasstillitsvald i El & It forbundet ved Opplysningen i Lærdal, Anne-Elin Tunsberg og nestleiar i El & It Teleservice klubben, Lilly Kvamme. Dei vil difor ha med seg ordførar Knut O. Aarethun og ordførarane i dei fem andre vertskommunane for 1881 i eit møte med næringsminister Odd Eriksen.

Les mer her
Tekst: Tore