EL&IT Forbundet

Valg


Lover og avtaler »

Nyttige linker »

Må halda oppe trykket 15.01.2006, 22:35

Dei tilsette på Opplysningen 1881 er svært skuffa over den raudgrøne regjeringa. Dei tillitsvalde i EL og IT-forbundet karakteriserer det som ei klar ansvarsfråskriving. Dei siktar sjølvsagt til næringsminister Odd Eriksen og statsminister Jens Stoltenbergs klare og eintydige signal om at regjeringa ikkje har planar om å instruera Telenor eller andre selskap der staten er majoritetseigar til noko som helst. Det er ikkje spesielt merkeleg om dei tillitsvalde reagerer. Dette er det stikk motsette av dei signala me høyrde frå dei raudgrøne før valet i fjor haust. Og me hugsar alle korleis Høgre-statstråden Ansgar Gabrielsen var latterleggjort fordi han ikkje hadde verktøy i verktøykassa til å ta tak i Hydro då selskapet vedtok nedbygging i Årdal og Høyanger.
No kjem altså akkurat den same leksa får den raudgrøne regjeringa. Telenor-sjef Jon Fredrik Baksaas treng ikkje venta på verken telefon eller e-post eller andre meldingar frå regjeringa før han eventuelt sel nokre av dotterselskapa sine til private interesser. Næringsministeren viser til aksjelova sine bestemmelsar om sokalla "myndighetsmisbruk" når han grunngjev kvifor han ikkje kan eller vil hindra Telenor i å selja Opplysningen 1881. Det er forundarleg puslete frå ein tidlegare fagforeningsmann som Odd Eriksen .
Les mer i Sogn Avis
her
Tekst: Tore

 

  Annet fra Nyheter
19.12.2019 EL&IT Forbundet Fagforening Tele- og Data Vestland
20.02.2017 Nedbemanninger i Telenor Norge -Tech og Fixed & TV
16.11.2016 Nedbemanning i Telenor Norge - Divisjon Business
24.10.2016 Dramatiske nedskjæringer i Telenor
24.08.2016 Norgesinfo nr 7 - Tata Consultancy Services
 



Distrikter og klubber »








Unidata © 2003-2024