EL&IT Forbundet

Valg


Lover og avtaler »

Nyttige linker »

SV støttar Telenor-streiken 25.05.2006, 11:54

Fagleg utval i SV gir sin fulle støtte til dei Telenor-tilsette sin kamp for innverknad og forhandlingsrett i konsernet.
Omstruktureringa og delprivatiseringa av Telenor dei siste åra har svekka den demokratiske kontrollen med konsernet og dei tilsette sin innverknad på sine egne arbeidsplassar. Telenor er i dag etablert i 15 land verda over, og i Noreg består konsernet av ei rekkje dotterselskap. Stadig nye delar av Telenor si verksemd blir skilt ut og selt vekk. Denne omstruktureringa har medført eit stort press på dei tilsette.

Dei sentrale krava frå dei tilsette er forhandlingsrett om inn- og utleige av arbeidskraft, avtalerett om pensjonsvilkår, avtalemessige reguleringar av arbeidstid og vidareføring av avtalar for bedrifter som blir selt ut av Telenor. Dette er område der det etter SV si meining er avgjerande at dei tilsette har innverknad over utviklinga i konsernet. Det er også heilt sentrale krav i kampen mot sosial dumping.

For mer informasjon og utfyllende kommentarer:
Faglig leder Sonja Tinnesand, 90 78 31 96

Tekst: Tore

 

  Annet fra Nyheter
19.12.2019 EL&IT Forbundet Fagforening Tele- og Data Vestland
20.02.2017 Nedbemanninger i Telenor Norge -Tech og Fixed & TV
16.11.2016 Nedbemanning i Telenor Norge - Divisjon Business
24.10.2016 Dramatiske nedskjæringer i Telenor
24.08.2016 Norgesinfo nr 7 - Tata Consultancy Services
 



Distrikter og klubber »








Unidata © 2003-2024